Kontaktinformasjon

Turistinformasjonen i Solund
Epost: post@solund.info
Telefon: 57 78 62 00

Utforsk Solund

Heim Pakketurar Om pakketurane

Om pakketurane

Om turane til Solund

Turane er tilrettelagt for mindre bedriftsgrupper eller andre grupper frå 10 til 40 personar (maks 15 personar på øyhopping med sykkel) som ynskjer eit aktivt og tilrettelalgt opphald i uberørt kystnatur. Solund er noregs vestligaste kommune med Utvær Fyr som er det vestligaste punkt i landet.

Fjordkysten er for mange ein uoppdaga skjærgard med reint sjøvatn, bortgøymde laguner, fin sandbotn og gode forhold for fiske og dykking etter kamskjell.

På Hågøy beiter villsau og i marka spring det villhjort. Her finn du eit levande kystsamvelde og eit uberørt paradis med ei lang historie og rike tradisjonar.

Postbåtane går dagleg mellom øyane og bidrar til at øyfolket får sine daglege leveransar av post og pakkar, at skulebarna får skyss til og frå skulen og at befolkninga kjem seg frå a til b.

Vi har sydd saman to pakkar som inneheld alt ein treng for ein innhaldsrik og organisert tur i to døgn. Pakkane er tilrettelagt på best mogeleg vis for eit uforgløymeleg opphald og gode reiseminne. Innkvartering er i leiligheter, rom og hytter med høg standard, tett på sjøen i vill og vakker kystnatur. Maten som inngår i pakkane er i hovudsak basert på råvarer og kortreiste produkt frå Solund og Sogn.

I regionen er det rik tilgong på fersk sjømat, villsau og hjort, alt avhengig av sesong. I tillegg byr vi på heimebaka brød og anna heimebakst til kaffien.

Solund Næringsutvikling AS er teknisk arrangør av pakketurane og medlem av Reisegarantifondet. Vi tek alltid atterhald om justeringar i programmet på bakgrunn av veret i vår barske kystnatur. Utvær Fyr er noregs vestligaste. Det er ikkje alltid ein får høve til å reise so langt ut. Somme tider kan det også vere for mykje vind og sjø, då lyt vi gjere justeringar for opplevelsen si skuld. Difor har vi ein kjentmann som er tilgjengeleg under heile opphaldet. Kjentmann er din lokalkjente kontaktperson som gjer naudsynte justeringar og held tak i logistikken og passer på rutetider, sørger for mat i rett tid.

Vi kan også skreddersy andre pakkar etter kundens eigne ynskje! Ta gjerne kontakt for å høyre kva andre aktivitetar vi kan tilby.

Velkomen til Solund – øyriket lengst vest!

Leverandørar til pakketurar i Solund

Lokal transport:

Vidar Hop Skyssbåter AS

Overnatting og servering:

Hardbakke - Sula
Internatet AS – leiligheiter
Solund Gjestegård AS – rom
Solund Bryggje AS - restaurant

Steinsund – Sula
Steinsund Marinesenter AS – hytter

Hjønnevåg - Ytre Sula
Hjønnevåg camping og rorbuer AS
Havkroa (en del av tilbodet på Hjønnevåg)

Andre aktørar:

Litle Færøy Kystkulturlag

Solund Sogelag

Hågøy Villsaulag DA

Veskjel AS

Gåsvær

Baltus DA

Andre samarbeidspartnere:

P/R Sulejet, Fjord 1, Fjord 1 Sogn Billag, Solund taxi.

Teknisk ansvarleg for turane: Solund Næringsutvikling AS.