Kontaktinformasjon

Turistinformasjonen i Solund
Epost: post@solund.info
Telefon: 57 78 62 00

Utforsk Solund

Heim Pakketurar Fakta om Solund

Fakta om Solund

Advarsel, åpne i et nytt vindu. | Skriv ut |

SOLUND KOMMUNE

Utvær var første navnet på kommunen, etablert i 1858 og skild ut frå Eivindvik. I 1890 blei navnet endra til Sulen etter å ha fått eigedomar frå Askvoll og Hyllestad innlemma og til slutt endra til det noverande navnet Solund i 1923. Losna blei overførd frå Gulen i 1964.

Norges vestlegaste kommune, Steinsøy ved Utvær er Norges vestlegaste øy

Øykommune og består av1700 øyar og skjær.

Solund er den minste kommune i Sogn og Fjordane, folketalet er ca. 880.

Kommunesenter er Hardbakke, der bur det ca. 340 innbyggjare, ellers spreidd busetnad i heile kommune

Bilferge mellom Ytre og Indre Solund og mellom Krakhella og Losna, mindre skyssbåtar til veglause øyar

Solund kommune har ein av dei to ferjesambanda i landet med gratisferje mellom Daløy-Haldorsneset.(Dette er eit prøveprosjekt over 3 år som starta i 2010.)

Ekspressbåtsamband til Bergen / Nordfjord / Sogn via Krakhella og Nåra, 2 gonger dagleg

Tradisjonellt mest busetnad i kommunen på vestsida, mot havet (som dei fleste levde av i eldre tid)

NÆRINGAR I SOLUND

Fiskeri

Fiskeoppdrett, laks og torsk

Landbruk

Turisme/ restaurantdrift

Steinindustri

Verkstadindustri, der Solund Verft er ein stor arbeidsplass
Båthotell (man betaler for å få oppbevart båten sin trygt utanom båtsesong)

Skyssbåtar

Handtverk, bunadssøm

Entrepenørverksemd / bygg- og anleggsbransje

LANDSKAP / NATUR

Kommunen er bygd opp av den sjeldne bergarten konglomerat

Store konglomerat-steinar i landskapet frå istida. Spesielt imponerande døme er Lågøystolane

Store areal med kystlynghei (ein utryddingstrua planteart i Europa )

Verneområder for sjøfugl fleire stader i kommunen, største områda rundt Indrevær, Utvær og Gåsvær.

Det er ulovleg å gå på land i dei områda i tida frå 1.april - 31.juli

Mange hekkande havørn i kommunen, også førekomst av kongeørn

Høgste fjell i kommunen er Krakhellenipa 569 m.o.h.

På Gåsvær veks den sjeldne blomsten Blåstjerne som har blomstring mai/juni

Krakksfjellet, verna område i Indre Solund, ein av dei minst påverka kystfuruskogane på vestlandet(vanskeleg tilgjengeleg)

Solund har ein stor hjortestamme, hjortejakt er ein populær aktivitet, og mange betaler for å komme og jakte i kommunen

HISTORISKE STADER I SOLUND

GRØNEHELLAREN, staden der man i 1964 fann ein steinalderbuplass,m.a. eit svært godt bevart sjelett av ein 17 år gamal gut, to vaksne kvinner og to vaksne menn. Grønehellaren hadde vore nytta som buplass i fleire tusen år frå jernalderen og inn i metalltida. Funnet er teke vare på ved Bergen Museum.

LOSNA, øya der Losna-ætta vart ei av dei rikaste og mektigaste stormannsætter på 1300-og 1400-talet. Kommunevåpenet til Solund har innslag frå slektsvåpenet til Losna-ætta. Losnaspelet, eit lokalt sogespel med deltaking av profesjonelle skodespelarar vert arrangert der med jamne mellomrom på sommarstid.

INDRØY, gamal handelsstad. Knut Berentsen(1867-1952) dreiv m.a. fleire fiskebåtar, eksporterte hummer til utlandet, dreiv trankokeri og salta sild. Der står ei sjøbu frå Tyskebrygga i Bergen. Solund Sogelag har gjort ein del arbeid på staden.

TANGENES, var ein av dei 4 stoppestadane Fylkesbaatane hadde i Solund i 1887.Der har og vore handel og postopneri. Tangenes var og ein av meldestasjonane for fangst i dei store sildeåra, då der var telegrafstasjon. Under siste krig var der utplassert tysk kystvakt ei tid.

"SKOLEMESTERENS KANAL", finn du litt sør for Tangenesvågen. Det er ein utskoten, smalkanal, som går inn til ein lagune på innsida. Man kan bruke ein robåt eller ein kajakk gjennom den. Den blei laga for å lettare å kunne drive gardsbruket som ligg der. I oppslagsverk skal den stå oppført som verdens minste kanal.

LITLE FÆRØY er ein restaurert husmannsplass frå først på 1800-talet. Klippfisk-jekter frå Lofoten stoppa og tørka fisken sin på berga der, før dei fortsette vidare til Bergen. Der vert i dag drive leirskule med vekt på gamle kysttradisjonar, der segling med gamle tradisjonsbåtar er eit viktig element. Staden er i dag eigd av Litle Færøy Kystkulturlag.

RÅKENESET, ein freda husmannsplass litt nord for Hardbakke. Staden er veglaus men er landfast og man kan gå frå hovudveg frå Råke. Den blir i dag brukt som turlagshytte for Sogndal Turlag og DNT. (fin tilkomst for kajakk)

UTVÆR, det gamle fiskeværet der det på 1800-talet kan ha budd mellom 200-300 personar men i dag er utan fastbuande. Tidlegare kyrkjestad og losstasjon. Kyrkja som skal ha vore der er først nevnt i 1320 i skrifter av Bjørgynar Kalveskinn. På 1700-talet eigde kyrkja 15 kyr og 27 sauer som dei leigde ut!

"Slipesteinen", der vikingane slipte sverda sine før dei drog på tokt finn du her. Fyret blei sett opp i år 1900, var då 31 m. Det blei sterkt skada under 2.verdenskrig,og bustadhuset brann opp. Det blei bomba av allierte. Det blei bygd nytt hus i 1948 og fyren blei og restaurert, men blei ein etasje lavare enn tidlegare. Den blei automatisert i 2004-som eit av dei siste i Sør-Noreg. Den er med i verneplanen for norske fyr.

HUSØY, øy innanfor Utvær. Kyrkja på Utvær blei flytta hertil i 1718 og var kyrkjestad fram til 1896. Spesiell gravplass som framleis er i bruk. Tidlegare handelsstad, fiskemottak.

HUSØY KYRKJE ligg i Straumen, kyrkja blei bygd i 1896. Altertavle frå 1724, laga av Jakob Bersveinson Klukstad frå Lom. Han er rekna for å vere ein av norges fremste treskjerarar, men var truleg berre 19 år då han laga altertavla. Kyrkjeklokke frå 1718, nattverdsutstyr frå 1866. Ei altertavle frå gamlekyrkja frå 1600-talet,to utskorne figurar 1772 og 1790, og kyrkjeklokke frå 1641 er å finne på Sogn Folkemuseum.

KOLGROV er ein gamal handelsstad. Mest kjend for sin gamle bebyggelse, der dei eldste husa ligger i eit klyngjetun, med tilhøyrande naust. Der finn du Bakkehuset, Nikolaihuset og Sørenstova.

LAKSEHYTTA ligg i Storsundet utanfor Hjønnevåg. Ei restaurert bu som blei brukt under småfiske tidlegare. Etter kvart blei båtane betre og hytta overflødig. Under krigen blei den nytta som krypinn for rømlingar og agentar på veg til og frå Shetland. Der var og våpenlager, og plassen blei brukt som ekspedisjons- og gøymeplass for nordsjøbussar og MTB-ar. Ikkje noko av aktiviteten blei oppdaga av tyskarane. Lakseytta blei fullt restaurert i 2008.

YTRØY, gammal handelsstad og livskraftig fiskerihavn. Framleis daglegvare-handel her. Her ligg fiskemottak som dekker Solund og nabokommunane. På Lundøy er det ny djupvasskai og lagerhus for fiskenæringa. Der ligg og anlegg for vasking av oppdrettsnøter, drive av bedriften Selstad.

LUNDSHOLET er ein lokal snarveg frå leia i Indre Steinsund til Ytrøy. Det er ein kanal som har vorte utvida slik at litt større båtar kan nytte den. Dei mindre skyssbåtane kan gå der, og er du heldig kan du få ein overraskande og spektakulær oppleving.

HÅGØY er ei stor ubebodd øy som er utmark til Lågøy. Hågøy Villsaulag beståande av 7 bønder ,eig villsauene som beiter der. Sauene blir sanka to gonger i året, ellers livnærar dei seg heile året på øya.

OSPA største øya i Solund utan busetnad. Populær naturhavn for båtturister, og mykje brukt rekreasjonsområde for lokalbefolkninga. Under krigen var her våpenlager, bensinlager, radiostasjon og gøymeplassar for MTB-ar. Ein av dei blei oppdaga med tragisk utfall, 7 menn blei tekne til fange og likvidert. Det blei sett opp ei minneplate der 28.juli 2003 ,som var på 60-årsdagen etter den tragiske hendinga."Ospekyrkja" finn vi der, ei berghole som m.a. blei nytta som base for ein radiostasjon under krigen.

BUSKØY er ein gammal handelsstad, anløp av rutebåtar frå 1868, postopneri frå 1878, stor eksport av sild,laks og hummer i tidlegare tider. Der blei og drive bakeri, ølbrygging og drive skjenkestove. Det gamle våningshuset i sveitserstil er bygd i 1888, og har inneheldt landhandel til nyleg.
På Buskøy er det taremottak for taretrålarane i kommunen og nærområdet. Den blir frakta vidare til fabrikk i Haugesund, der man utvinn produktet Alginat. Alginat er eit unikt naturleg produkt, du finn det i m.a. iskrem, bakervarer, kosmetikk, medisin og tekstil.

SKOMAKEREN er truleg eit av dei smalaste sunda på kysten som Hurtigruta kan gå igjennom (ikkje dei største båtane). Det krev flo sjø, stille ver og ein modig kaptein. Navnet på staden kjem av ein skomaker som budde der i eldre tid, og det var ein stad man kunne legge seg til ro for natta under "jektefarten". ( vi trur han hadde brennevin og mat for sal)

NESØY er ei øy i indre solund (Nessefjorden). Tidlegare drive gruvedrift, rundt år 1900. Utvinning av koparkis. Gruvene finnast framleis.

GÅSVÆR er ein gamal handelsstad, tidlegare gjestgjevarstad og skjenkestove. Eldste del av det gamle hovedhuset truleg frå 1700-talet, og er bygd saman av to hus. Gamalt spesiellt sjøhusmiljø. Den store sjøbua er ein av dei største i Solund, bygd i 1905. Aktivt gardsbruk med sau og det er fiskebåtar er stasjonert her.

STEINSUNDHOLMEN. Tidlegare handelsstad og gjestgiveri. Postopneri frå 1868 og rutebåt på Steinsundvika i 1875. Smie, bakeri og sildesalting var og aktivitetar som blei drevne. Privat eige.

STEINSUND BRU, bygd i 1964.

SOLUND KYRKJE er kyrkja i kommunesenteret Hardbakke, hovedkyrkje i Solund vigsla i 1860. Altertavle
frå 1860, laga av Anders Askevold. Det meste av anna inventar er også frå 1860. I dag er Solund Kyrkje den eldste i Ytre Sogn.

HERSVIK KYRKJE blei bygd i 1891, altertavle frå 1920 måla av Mons Nilsson Breidvik (1881-1951) frå Gulen. Breidvik deltok på Statens Haustutstilling 11 gonger, er representert i m.a. Nasjonalgalleriet. Han er og innkjøpt til Metropolitian Museum i New York.

KRÅKEVÅG, gamal tingstad og lensmannsgard. Frå omlag 1880 vart haust-og vårtinga heldne i Steinsund
for å betre tilkomsten. Der var lensmann fram til 1934, det blei då kravd at lensmannen skulle vere stasjonert på Hardbakke. Den gamle tingstova står framleis. Gjest Bårdsen vitja også Solund, då hos lensmannen i Kråkevåg.

KRAMBUA PÅ HERSVIK er ei gamal bu på Hersvik som Sogelaget jobber for å restaurere. Privat eig, men
Sogelaget har fått ein langsiktig leigeavtale. Samlingsstad for bygda, ulike arrangement gjennom året.

TUNGODDEN var ein rik stad i eldre tid, gode høve for landbruk og fiskeri. Gode havnetilhøve. Oddeholmane blei brukt til å tørka klippfisk i eldre tid. Under krigen vaktstasjon for tyskere. Fritt utsyn til Sognesjøen, skipsleiene Ytre og Indre Steinsund, og dels mot Krakhellesundet, den "lovlege leia". Blei skada av 2 norske MTB-ar februar 1943, stasjonen blei bygd opp att lenger inne og var aktiv til krigens slutt.