Om Solund

Solund kommune er den minste kommunen i Sogn og Fjordane med om lag 840 innbyggjarar, og den einaste kommunen i fylket som berre ligg på øyar. Ytst i Sognefjorden vert kommunen vår den vestlegaste kommunen i landet med Utvær fyr som det vestlegaste punktet.

Tilkomsten må skje sjøvegen, anten via hurtigbåt, ferje eller eigen båt. Både hurtigbåt og ferje går til og fra Krakhella, ein halvtime med bil/buss frå Hardbakke, kommunesenteret.

Ferjeruter

 

Hurtigbåtruter

Det går dagleg hurtigbåt både til og frå Bergen. Båten har stopp på Krakhella, som er ein halvtime frå Hardbakke, kommunesenteret i Solund. Vidare korrespondanse med buss til ulike delar av kommunen, samt lokale båtruter.

  • Nordfjord - Bergen - Sogn (Sjå Krakhella for stopp i Solund)
  • OBS! Skal du frå Bergen til Ytre Solund, kan du gå av på Mjømna, og ta lokal skyssbåt Gulen - Ytre Solund (sjå under) vidare.

Vi er i tillegg så heldig å ha lokale skyssbåtar:

Bussruter

Har du først kome deg til Krakhella, anten med hurtigbåt eller ferje, går det bussar derifrå til Hardbakke, Nord-Solund og Ytre-Sula.

For vidare korrespondanse til Ytre Solund, sjå lokale ferjeruter her.

For meir detaljert informasjon om offentleg transport, sjå Fjord1 si heimeside og Norled si heimeside.