Sanden - Feriehus i Nord-Solund

Telefon: +47 480 28 705 / +47 57 78 7820.  Epost 

Feriehus ved sjøen. Perfekt for fiske - eller padleferie, men er og moglegheiter for jakt i området. Barnevennleg. Mogleg for personar med funksjonsnedsettingar (alt ein treng i 1.etg, fleire soverom i 2.etg). (Click for English translation)

Eigedommen er eit typisk småbruk som livnærte seg av fiskeri. Hovudhuset vart bygd rundt 1920-talet, er pussa opp og bevart for å gje ei oppleving av eit gamalt småbruk frå kysten. Eigedommen har totalt 5 bygg, bryggje, tilgang på båt og stor fjære. Utleigehuset har stove, kjøkken, bad og 4 soverom (med totalt 7-8 soveplassar, barneseng om ynskjeleg).

Øyriket Solund ligg heilt ytterst i Sognefjorden, og er kjend for sitt padleparadis; anbefalt av bl.a. BBC og NHO reiseliv.

Ta kontakt for meir informasjon/pris/booking.

 

Vacation house by the lake. Perfect for fishing or boat trips. There are also opportunities for hunting in the area. Child friendly. Available for people with disabilites.

The property has five buildings in total. The available house has a living room, kitchen, bathroom and 4 bedrooms with bedspace for 7-8 people. Child crib is available if needed.