Attraksjonar

Kystarboretet

Arboretet på Hardbakke er ei samling tre og plantar, hovudsakleg stadeigne typar. Det er planta ut over 160 ulike planteslag som no etterkvart viser seg i terrenget. Rhododendronsamlinga er eit fint skue på forsommaren. I tilknytning til arboretet går det ein 5 km sti rundt Ramnenipa i eit variert terreng, og med flott utsyn over Sognesjøen. Merka sti til toppen av Ravnenipa.

Solnedgangsbenken - Avløyp

Solnedgangsbenken (Poesibenken) er eit lett tilgjengelig utsiktspunkt på Stroka ved Avløyp. Ta vegen i retning Strand. Det står skilt til Solnedgangsbenken i den siste store svingen før Avløyp. Frå parkeringa er det berre nokre hundre meter på merka løype til Benken. Her er det panoramautsikt til Alden, Lågøyfjorden og Gåsvær. Poesibok ligg i varden. Fantastisk solnedgang i havet!

Lågøystolane

Forlatt, på ein liten holme utanfor Lågøy, ligg dei der; Lågøystolane. Steinkjempane som vart gløymd att av isen som låg over Solund for tusenvis av år sidan. Desse gjev eit særpreg i landskapet som ein ikkje finn andre stadar.

Utvær

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Opplev kysthistorie som truleg strekk seg tilbake til vikingtida med blant anna Brynesteinen på Likbergjet og den gamle kyrkjegarden. Naturen ber preg av det ekstreme veiret som kan forekomme så langt vest i havet, men hagen "Paradis" står i full blomst kvart år.

Ospa

Ta turen til Ospa med båt eller kajakk! Denne store ubebudde øya gjev ei flott og unik naturoppleving med sine mange viker, sund, holmar og steinhåler. Øya ber òg på spanande krigshistorie.

Gåsvær

Telefon: 57 78 72 60 / 99 27 40 99  Epost  Nettsted

Gåsvær er ei idyllisk øy som ligg langt vest i havet, der ein kan oppleve både nydelege sommardagar og verkeleg få kjenne på korleis styggevêret kan herje om det vil. Det vesle samfunnet baserar seg på fiskeri og jordbruk samt turisme, og er eit av stoppa på øyhoppingsruta som går frå Hardbakke til Bulandet.