Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund kommune heiter Sognesjøhytta og ligg sør for Hardbakke nær Hopsosen. Det er flott utsyn over Sognesjøen. Hytta ligg om lag 15 m.o.h., og det er 3 km frå parkeringsplass til Sognesjøhytta. Går ein frå Solund senter må ein rekne om lag 1 time på turen.

Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg der kajakkar lett kan landast.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.


Tilkomst

Ynskjer ein å padle til Sognesjøhytta kan ein parkere ved Hardbakke hamn. Vil ein gå til dagsturhytta kan ein parkere ved Solund senter eller ved starten av turvegen.

Frå Solund senter går du på vegen gjennom byggjefeltet Storehaugen i retning Solund idrettspark. Grusa turveg tek av i krysset ved idrettsparken. Bratt stigning opp til Kystarboretet. Vidare flatar terrenget ut, god grusa sti til enden av Kystarboretet, der grusa tursti endar. Flott utsikt sørover mot Sognesjøen og dagsturhytta. Følg turstien i terrenget vidare sørover eit lite stykke til stiskille. Ta av mot høgre i retning dagsturhytta. Stien er i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar og lynghei. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.