Klatring

Med klatresko på beina kan ein klatre omtrent kor som helst ein finn ein bergvegg. Og sidan Solund høveleg nok består hovudsakleg av berg (av typen konglomerat), vil det for ein entusiast vere endelause moglegheitar. Det finst to bolta klatrefelt i kommunen; eit i Nessa og eit i aboretet på Hardbakke.

Vil ein klatre på etablerte klatrefelt, så har vi flotte bolta veggar i variert vanskelighetsgrad. Ein finn den eine i kommunesenteret Hardbakke, og ein i Nessa som ligg langs hovudvegen som går mellom Hardbakke og ferjeleia Krakhella.

Meir info:

  • Hardbakke: http://ut.no/turm%C3%A5l/storehaugen-klatrefelt
  • Nessa: http://ut.no/turm%C3%A5l/nessa-klatrefelt