Aktivitetar

Øyhopping

Telefon: +47 57 73 90 20  Epost  Nettsted

Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund! Opplev idylliske Gåsvær og ta beina fatt i Bulandet der du kan vitje både temapark, utsiktspunkt og kunstutsal. Turen kan takast enten frå sør via Krakhella, eller frå nord via Askvoll, og korresponderer med ekspressbåten til/frå Bergen. (Click for Enligsh translation)

Postruta - Bydgeruta i Nord-Solund

Telefon: +47 958 49 972  Nettsted

Ta ein rundtur til dei mange småbustadane i Nord-Solund. Båtturen startar frå Hersvik kai. Turen går innom Hamnaneset, Kråkenes, Stølsvik, Nilsvik, Saltskår, Færøy, Buskøy og tilbake til Hersvik. (Click for English translation).

Fyrsafari til Utvær

Telefon: +4757743000  Epost  Nettsted

Bli med på tur til Noregs vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Kvar sundag i sommar kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. Her blir det guida omvisning og høve til å gå opp i det flotte fyret. (Click for English translation)

Sykkelutleige

Med vegar som buktar seg fram og tilbake langs fjordar og viker er det veldig godt tilrettelagt for sykling her i kommunen. Turistinformasjonen har syklar til utleige og kan tipse deg om hvor du burde legge sykkelruta. (Click for English translation).

Kajakk: Kursguida turer og utleige

Er du interessert i å komme deg ut i ein kajakk for ett par timer - eller kanskje for nokre dager? Så har du moglegheita til det her i Solund. For leige av kajakk, kontakt Solund Natur og Norsk kystkulturakademi. (Click for English translation).

Nordsjøløypene

Nordsjøløypene er merka turstiar som går gjennom lett terreng med rik historie og vakker kystnatur. Solund har fire Nordsjøløypar. Ønskjer du litt informasjon om de enkelte løypene, ta kontakt med turistinformasjonen. (Click for English translation).

Solund Idrettspark

Idrettsparken ligger i Storehaugen, cirka 200 meter frå Spar, og består av ei flott 18-hols diskgolfbane, fotballbane, skatepark, klatrepark, turløyper og arboret. Det er anbefalt å bruke hjelm og anna beskyttelsesutstyr i skateparken. (Click for English translation).

Fotturar

Rundt om i Solund finnast det mange fine turstiar som er merka. Stiane er i alle delar av kommunen og vanskelighetsgraden varierar. Kart og informasjon får du tak i hjå turistinformasjonen. (Click for English translation)

Båtutleige

Vil du utforske mylderet av øyar i Solund? Eller har du lyst å dra opp stortorsken? Steinsund Marinesenter leigar ut 18,3 fots båt med 25 hk. Meir informasjon kan fås på Solund Turistinformasjon eller ved å ringje +47 908 82 860. Om dykk ønskjer å leige, ta kontakt med Steinsund Marinesenter på +47 975 75 117 eller +47 577 87 252. (Click for English translation).

Klatring

Med klatresko på beina kan ein klatre omtrent kor som helst ein finn ein bergvegg. Og sidan Solund høveleg nok består hovudsakleg av berg (av typen konglomerat), vil det for ein entusiast vere endelause moglegheitar. Det finst to bolta klatrefelt i kommunen; eit i Nessa og eit i aboretet på Hardbakke.

Vidar Hop Skyssbåter AS

Telefon: +47 57 78 72 49 / +47 975 24 616  Epost  Nettsted

Vidar Hop Skyssbåter AS tilbyr båttransport over heile vestlandet, og har base på Hardbakke, ved innløpet til verdas vakraste fjord; Sognefjorden. Det er også mulig å få skreddarsy ei opplevingspakke i Solund og området rundt med båtturar, naturopplevingar, måltid og overnatting. (Click for English translation).