Attraksjonar - Turistinformasjonen i Solund
Kystarboretet
Arboretet på Hardbakke er ei samling tre og plantar, hovudsakleg stadeigne typar. Det er planta ut over 160 ulike planteslag som no etterkrvart viser seg i terrenget. Rhododendronsamlinga er eit fint skue på forsommaren. I tilknytning til arboretet går det ein 5 km turveg i eit variert terreng, og med flott utsyn over Sognesjøen. Merka sti til toppen av Ravnenipa.
Ingen heimeside
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Solnedgangsbenken - Avløyp
Solnedgangsbenken (Poesibenken) er et lett tilgjengelig utsiktspunkt på Stroka ved Avløyp. Ta vegen i retning Strand. Det står skilt til Solnedgangsbenken i den siste store svingen før Avløyp. Frå parkeringen er det berre nokre hundre meter på merka løype til Benken. Her er det panoramautsikt til Alden, Lågøyfjorden og Gåsvær. Poesibok ligg i varden. Fantastisk solnedgang i havet!
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Lågøystolane
Forlatt, på ein liten holme utanfor Lågøy, ligg dei der; Lågøystolane. Steinkjempane som vart gløymd att av isen som låg over Solund for tusenvis av år sidan. Desse gjev eit særpreg i landskapet som ein ikkje finn andre stadar
Ingen heimeside
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Utvær
Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Bli med på ei vandring på øya der du besøker Edens Hage, tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri.Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.
97 65 65 43
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Postruta - Solund rundt
Følg den lokale postruta som går fra Hardbakke og mellom øyane i Midtre Solund. Ein flott rundtur mellom øyar, skjær og trange sund i øyriket! Du endar opp på Gåsvær for ein god pause på denne vakre øya nordvest i havgapet, før ein tar turen tilbake halv fem på ettermiddagen.FørehandstingingSnakk med turistinformasjonen for booking.
Ingen heimeside
977 95 989 / 90 88 28 60
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Ospa
Ta turen til Ospa med båt eller kajakk!
Denne store ubebudde øya gjev ei flott og unik naturoppleving, samstundes som den heldt på spanande krigshistorie.
Ingen heimeside
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Attraksjonar