Kontaktinformasjon

Turistinformasjonen i Solund
Epost: post@solund.info
Telefon: 90 88 28 60 / 91 37 63 25

Utforsk Solund

Værvarsel for Hardbakke

Heim

Velkomen til Solund! - Turistinformasjonen i Solund

Velkomen til Solund, øyparadiset lengst mot vest i Noreg!

Me ynskjer å dele våre små løyndomar med dykk. Solund er så mykje... Det er øyhopping, havfiske, sykling på gamle ferdavegar eller frå øy til øy, padling, fotsafari ved kysten og på fjellet, fyrsafari og mykje meir. Her kan du kvile ut og hente krefter på ferie, bu godt og arbeide i ein kommune med mange moglegheiter og hyggjelege folk.

NYTT:

Øyhopping - Mest populær i internasjonal avstemming

VisitNorway har i sommar hatt ein kåring av Noregs mest populære reisemål. Besøkjande både frå Noreg og tilreisande frå utlandet har hatt moglegheita til å anbefale og stemme fram sin favoritt. Øyhoppinga i Solund sto på konkurransedagens siste dag på ein klar førsteplass blant alle bidraga som vart sendt inn, m.a. tungvektarane trollstigen, preikestolen osv.

Parallelt med denne konkurransen har det pågått ein anna konkurranse for turistar frå Storbritannia, Frankrike, Italia, Tyskland og Russland. VisitNorway har vore på jakt etter kreative sjelar som kan skildre reisa gjennom Noreg ved hjelp av blogging, video, twitring og teikning.

Begge desse konkurransane er no avslutta, og dei utvalgte turistane skal følgje ei reiserute satt saman av dei mest populære reisemåla i Noreg. Dei startar i Oslo 13 august og skal innom rafting i Dagali, sykling på Rallarvegen, padling i Sognefjorden og bytur i Bergen før dei set kursen ut mot havgapet. Her har dei satt av ein dag til Øyhopping og sykling i Solund og på Bulandet. Følg med på VisitNorway sine nettsider for å følgje reisa deira.

 

Konsert med Fliflet/Hamre på Utvær!

Vil du vere med på ei unik oppleving?

KONSERT I FYRET PÅ UTVÆR 14.08.10
med Gabriel Fliflet og Ole Hamre.
Dei er i full gang med å lage nytt konsertinnhald som vil passe til omgivnadane der.

Lite_fliflet_og_hamre

Dette vil verte ein intimkonsert med plass til maks 40 pers. (Sitte og ståplassar)
Etter konserten ruslar ein ned til Naustet og får eit måltid mat før båtturen attende.

Båttur, konsert og bevertning kr. 750.- pr.pers
Berre konsert kr. 300.- pr.pers

Meld deg på til:
Irene Sanden, tlf: 97 04 09 24,
Linda Kalmer, tlf: 94 80 04 88 eller post@utvær.com
innan 06.08.
 

Kaidag på Hersvik!

Bygdelaget Jonsokblomen og Krambua v/Sogelaget
inviterer til årets kaidag, 24. Juli!
med aktiviteter for barn og vaksne!

Det blir blant annet:
- Sal av mat
- Fiskedam for de minste
- "Eldhuset" er åpent.
- Ei lita bileteutstilling frå Lill`s galleri.
- Besøk av redningsskøyta "Utvær"

Tidspunkt: 14:00 - 18:00

   

Pakketurar

Er de ei bedrift eller gruppe på mellom 10 og 40 som ynskjer å få oppleve den fantastiske kystkulturen og den unike naturen i Solund i løpet av tre dagar? Solund Næringsutvikling har skreddersydd 2 pakketurar som inneheldt alt de treng for å ha tre fortreffelege dagar mellom holmar og skjær i Solund kommune. Pakkene har alt frå overnatting av høg standard og lokal gourmetmat til guida båtturar, fjellturar og sykkelturar.

Ta ein titt på kva pakketilbod me har å tilby her:

Pakke 1: Sjøbris

Pakke 2: Øyhopping med sykkel

 

 

Indrevær bedehus Familiegudsteneste og basar

Velkomen til familiegudsteneste v/prost Geir Sørebø
Kyrkjekaffi og basar
Skyssbåt frå Hardbakke kl 11.45
og frå Kolgrov kl 12.15
Dato : 18.07.2010
Myr på Indrevær
Tid : 13:00
Stad : Indrevær bedehus
   

Into The Wild!

Into the Wild er eit internasjonalt utvekslingsprosjekt for ungdom på Litle Færøy. Ungdommar frå Litauen, Latvia og Noreg med felles interesser for friluftsliv ved kysten, samles. Aktiviteter som padling, segling, fisking m.m står på programmet. Aldersgruppe 16- 20 år. Meld deg på! Obs! Fristen er flytta til 1. Juli for påmelding!

plakat_in_ti_the_wild

 

Studium i Havpadling (10stp.)

thumb_padlingNorsk Kystkulturakademi i Solund tilbyr i sommar studium i HAVPADLING, 10 studiepoeng i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kjempeflott moglegheit til å ha det gøy, oppleve fantastisk natur og få studiepoeng samtidig.

Gå til heimesida for å lese meir

   

Oppdater din eigen informasjon!

thumb_bedriftsinnloggingBedrifter kan no endre informasjon som ligg på våre heimesider direkte.

Opprett ein brukar her, og fortell oss kva bedrift du ynskjer tilgang til å redigere, anten ved å sende oss ein epost, eller ringe oss på 90 88 28 60 eller 91 37 63 25, så fiksar vi det i ein fei!

 

Visste du at...

rssDu kan abonnere på nyhender frå solund.info? Trykk på denne linken: http://www.solund.info/index.php?format=feed&type=rss, eller på RSS-ikonet i nettlesaren din (normalt plassert i adresselinja)

   

Solund i bilete

solnedgangsbenkenVi vil gjerne vise Solund fram til besøkande, og ber deg om å laste opp dine beste Solund bileter til "Bildegalleriet". For å gjere det må du logge deg inn på sida (Bruk innloggingsboksen øvst på sida, evt registrer ein ny konto.

 

Facebook

thumb_icon_facebookOm du aldri vil gå glipp av nytt frå Solund, kan du bli tilhengar av "Solund Nyheter" på Facebook. Her blir det aller meste som skjer i Solund lagt ut.

Gå til Solund Nyheter på Facebook

   

Opningstider i ferien

I skuleferien 2010, har vi følgande opningstider:

12-18 kvar dag